Storetind takst og rådgiving AS

Bygg- og takstingeniør Karl Anders Bjørdal, med lang erfaring frå bygg- og eigedom.

Sertifisert takstingeniør medlem av Norsk takst.

Våre tenester

  • Skal du selje bustad bør alle bustadsal etter 01.01.22 ha tilstandsrapport, etter den nye forskrifta til avhendingslova «Tryggere bolighandel». Vi tilbyr tilstandsrapport i samsvar med Norsk takst sine retningsliner.

  • Har du behov for verditakst i samband med refinansiering, sal mellom nærståande, arv og liknande tilbyr vi også dette.

  • Skal du synleggjere framtidige verdiar før nybygg/påbygg overfor bank eller anna, kan dette synleggjerast i ein førehandstakst med verdivurdering av prosjektet med føresetnad av at det blir fullført som skissert, og i dagens marked.

  • Ved feil eller manglar etter overtaking av ny eller brukt bustad kan vi bistå med reklamasjonstakst for å belyse saka.

  • Vi kan bistå med tomtetakst, arealmåling, byggelånskontroll og anna.

  • Vi kan tilby ulike tenester, også retta mot næringsaktørar. Dette kan vere rådgiving tidlegfase i utbyggingsprosjekt, entrepriseform, innhenting av tilbod, evaluering osb. Ta gjerne kontakt for ein prat om dine behov.